Boknafjordbassenget med sine mange fjordarmar utgjer eit unikt område. Naturressursane i denne regionen har igjennom alle tider lagt grunnlag for eit samansett næringsliv. Sandsfjorden er ein av desse fjordarmane som skil seg ut fordi naturen er variert: Inst inne er fjorden brattlendt og smal, medan han lenger ute opnar seg opp. Israelsneset speglar seg i Ottøysundet nett der den tronge fjorden breier seg ut i vakker skjærgard. Det inneber at ein kan få fine naturopplevingar av det sjeldne både til vanns og til lands. I skogen kan einhausta bær og sopp. Er ein heldig kan ein få auge på hjort, rådyr, elg, ikorn, rev, hare, tiur, orre, havørn og kongeørn. Fjorden er rik på fisk både i sjø og elv.